Hovedseksjon

Publisert:

Nytt og spennende på skolebiblioteket

Kalender
Skulebiblioteket vårt er ope kvar tysdag og torsdag etter skuletid, frå 15-16. Elevar er då hjartleg velkomen til å kome innom, lese/låne bøker, spele spel, jobbe med fag, slå av ein prat, slappe av eller tilbringe tid saman med vener. Vi har eit bredt utval av bøker, så det berre å spørje dei vaksne på biblioteket, lærarar eller biblioteksrådet om boktips eller hjelp til å finne fram. Biblioteksrådet er elevar som jobbar på biblioteket i lunsjen, og dei har også ansvaret for ulike arrangement og aktivitetar på biblioteket etter skuletid. Dei hjelper gjerne med tips og spørsmål angåande biblioteket. 
 
Nye arrangement, aktivitetar eller konkurransar blir annonsert på biblioteket eller rett utanfor inngangen god tid i forvegen, så følg med! Før haustferien hadde vi blant anna kick off  for den store bokormkonkurransen vi gjennomførar på skulen for øyeblikket. Då hadde vi stjernerebus, utdeling av premier, og noko godt å ete og drikke for dei som kom innom. Det var veldig hyggeleg. 
 
Fram mot jul, skal vi blant anna ha gresskarutskjeringskonkurranse og laging av Granstangens pepperkakeby. Kom og bli med! 
 
Helsing oss på biblioteket, Eva, Vilde, Hilde og Karoline