§ 3-22.Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål
Elevar som har hatt rett til særskild språkopplæring på 8., 9. eller 10. årstrinn i grunnskolen eller på Vg1, Vg2 eller Vg3 i vidaregåande opplæring, kan få fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål. Det same gjeld elevar som på 8., 9. eller 10. årstrinn i grunnskolen eller på Vg1, Vg2 eller Vg3 har mottatt opplæring på internasjonale skolar og utanlandske skolar etter læreplanen i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar eller annan jamgod plan.
Når ein elev i grunnskolen og vidaregåande opplæring får opplæring etter individuell opplæringsplan, avgjer foreldra eller eleven om eleven skal ha vurdering med karakter i skriftleg sidemål. Valretten gjeld berre dersom enkeltvedtaket om spesialundervisning omfattar skriftleg sidemål.
Elevar i heile grunnopplæringa, tidlegare elevar og privatistar i vidaregåande opplæring har også rett til fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål dersom dei:
a) |
på grunn av sjukdom, skade eller dysfunksjon som er diagnostisert av ein sakkunnig, har problem med å greie begge målformene |
b) |
ikkje har gjennomgått ungdomstrinnet i norsk grunnskole |
c) |
fylte vilkåra for fritak frå opplæring eller vurdering i skriftleg sidemål i grunnskolen, men på grunn av dokumentert saksbehandlingsfeil likevel ikkje fekk fritak. |
Berre den skolen eller fylkeskommunen som kan skrive ut vitnemål for den det gjeld, jf. § 3-42, kan gjere enkeltvedtak om fritak frå vurdering i skriftleg sidemål etter denne paragrafen.
Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter etter denne paragrafen, skal ha halvårsvurdering og anna undervegsvurdering utan karakter.
Skoleeigaren skal stryke standpunktkarakter eller eksamenskarakter i skriftleg sidemål dersom en elev eller privatist som har fått innvilga fritak frå vurdering med karakter etter denne føresegna, likevel har fått vurdering i skriftleg sidemål.
Link til søknad om fritak fra vurdering med karakter i skriftlig sidemål